Name | Lars Larson Svela | |
Birth | 1608 | Svela Store, Bjerkreim, Rogaland, Bjerkreim, Rogaland, Norway |
Gender | Male | |
Story | Båe døydde ein gog etter februar måned 1682. Tingboka opplyser at ei Ingeborg Svela døde 1669. Skiftebrevet på odelsdoset til avdøde Ingeborg Svela (246) var datert 6.2.1668 og tinglyst 7.11.1671. Kven var denne Ingeborg Svela? Lars var ein av brukarane på garden få før 1645 og til etter 1664. I 1645 åtte han jordegods med landskyldveri 3 vkorn. Etter at faren døydde, åtte han, broren Gegorius og svogeren Gunnar tredjeparten kvar i Svela st (16 sp. korn). Lars møtte på tinget i 1643 då det var rettsak om sal av jord i Fotland i Egersund. Sjå Vikesdal (12) for videre opplysninger. Lars vart oppnemnd til å gjera lagrettemannseiden i 1631 og var var lagrettemann 1635 og 1637 saman med faren, og sidan ei rekkje år mellom 1639 og 1658. Far til Ingeborg Hadde voe lensman i Bjerkreim. Gunnar, bror hennar, var gift med Bodil, syster til Lars. Lars vart lensmann etter Peder Mortenson (Bjerkreim 11A-B). Peder hadde vore lensmann etter far til Lars (1635 - 1658). Lars var Lensmann i perioden 1658 - 1678. Fyrste kjende rettsmøtet hans i ombodet var 6.11.1658. I 1661 og 1665 åtte lensmann Lars og Villum Ormson (Svela li 19) 1 v korn kvar i Svela li. Villum si jord var kona sin farsarv. Jord deira utgjorde halve garden der. I 1661 åtte Lars 16 sp. korn (1/2 pd og 4 sp. korn) i heimegarden og han brukte og budde på denne parten. Han åtte og 1 v kort i Svela li, 2 1/2 vv. korn i Nesheim i Kvia skipreide og 2 v. kort i Assheim (halve garden). Odelsmanntalet 1665 opplyser at han åtte tredjeparten av heimegaren, broren og svorger, Gegorius og Gunnar, Dei to andre tredjepartene. Ingeborg Svela selde 1 v kort i Assheim som enkje i 1683. Den 17.11.1677 tinglyste Laars skøytet til sonen Lars på halvparten på det han åtte i gardane Svela st og Svela li med åseteretten til. Sonen fek denne jorda sidan han hadde tilsynet med foreldra no som dei var gamel og svake etter at dei var døde, skulle Lars overta all jorda jpå dei to gardane med åsetesett til som foreldra han åtte, og "fornøye" bororen Svend for åsetesrettn hans som eldste son. Lars møtte på tinget 14.2.1682 og les opp testamentet han og kona hadde sett opp. Han opplyste da at han vart blind om lag 1775, og hat dei båe var gamel og skrøpelege. Dei kunne derfor ikkje drive jorda deira her på garden og på Svela li., og sonen Lars hadde alt fungert som lensmann for han i fleire år. Sidan Svend, eldste sonen, var godt gift til jord på Hegelstad, og sidan ars, den mellomste sonen, alltid hadde vore heime og vore lydig mot foreldr, skulle han no overta alt odelsgodset deira, nemleg 16 sp. korn i garden og 1 v kort i Svela li. Lars og familien hans kulle ha åsetesrette til Jorda. Foreldra skulle "fornøye" Svend for åsetesrette hans som eldste son. Alle barna deira skulle dela lausøret eller dei. Testamentet vart sett opp 4.6.1681. Svend stod fram på tinget etter at testamentet var lese og sa han ikkje kunne samtykka i at dokumentet var tinglyst. Broren Lars oplyste i retten at det var han som tok seg av dei gamle foreldra, og i den samanhengen viste han til kap. 22 i arverettsboken. Som siste sak på HT 1692 her på garden stod lensmann Lars Svela fram for retten og sa frå seg lensmannsombodet. Var dette gamle Lars Larsson som enno levde i 1692, eller var dette sonen. I fall det var sonen, ombestemte han seg sidan. Han var lensmann til 1705 | |
Death | 1682 | Bjerkreim, Rogaland, Norway |
Person ID | I917 | Angeltveit |
Last Modified | 12 Jun 2024 |
Children |
|
|||
Family ID | F355 | Group Sheet | Family Chart | ||
Last Modified | 12 Jun 2024 |
Event Map |
|